Sunn sommarmat: Svin med mango

Publisert 23.06.2020 09:37, oppdatert 23.06.2020 09:39 - BFS - tips@stottmedia.no

Sunn sommarmat: Svin med mango

Svin med mango og avokadosalat a`la Linda Marie Stuhaug. Kanskje det er denne retten som hamnar på matbordet i helga?

  

Lidenskap for sunn mat og trening: - For ei stund tilbake såg eg at det er få oppskrifter på kvitt kjøtt. Kylling og svin spis eg ofte, så eg skal bli betre på å dele oppskrifter med godt tilbehør her. Førre veke laga eg meg ein smakfull mango og avokadosalat som eg brukte som tilbehør til både kjøtt og fisk. Den er søt, frisk, syrlig og litt «spicy» på same tid 

– Perfekt tilbehør til blant anna svin.

- Svin med mango og avokadosalat, en super kvardagsmiddag på 15 minuttar:

Ingrediensar: 

Svin med mango – og avokadosalat

  • 400 g ytrefilet av svin
  • salt og peppar
  • ein klatt smør eller olje til steiking
  • 1 moden mango
  • 1 avokado
  • 1/3 chili
  • 1/4 raudlauk
  • ferskpressa limesaft
  • grovkverna peppar

Slik gjer du: - Skjær mango og avokado i mindre biter, raudlauk i skiver og finhakk chili. Bland alt godt saman med litt ferskpressa limesaft og grovkverna peppar.

- Steik ytrefilet av svin på medium temperatur 3-4 minuttar på kvar side, til fileten er gjennomsteikt og har fått en gyllen farge.
-Server!
- Kombinasjonen mellom den søte mangoen, krema avokadoen, smakfulle raudlauken, spicy chilien og friske limen blir fantastisk godt, og den er ferdig på få minutt. 

nh7105

Matbloggar Linda Marie Stuhaug. Foto: Børje Fonn Skaar.

Les også